Screenshot 2020-01-02 at 16.30.47.png

Den andre vitseboka mi (2017)

Vare nr. 007
199.00 kr
På lager
1
Produktdetaljer

← Forsett å handle

Denne boka er oppfølgeren til "Vitseboka mi" som ble en stor suksess da den kom i 2015. Sveinung Hølmebakk skriver følgende i forordet til boka:

Mange spør korleis eg tør å blanda humor og alvor på den måten eg gjer på mine konsertar. For meg er svaret heilt naturleg, like naturleg som livet sjølv. For er det ikkje nettopp slik livet er? Ein kan sitja i eit festleg lag og plutseleg få den vonde telefonen som gjer at alt blir snudd opp ned. Andre gonger kan humoren vera med å letta sjølv den tyngste sorga. Thomas Kingo var sanneleg inne på noko då han skreiv salmen “Sorgen og gleden de vandrer til hope”.

Etter suksessen med den fyrste vitseboka mi, som blei utgitt i 2015, forstod eg at folkeleg humor framleis har livets rett. Difor bestemte eg meg for å koma med ein oppfølgar. Ein av dei tinga som er viktige når ein skal gi ut bok, er å ha ein god korrekturlesar. Til denne boka hadde eg tre korrekturlesarar, nemlig De Tre Små Griser. Etter at dei hadde lest gjennom boka og kome med tilbakemeldingar som omhandla grammatikk og rettskriving, spurde eg grisane kva dei syntest om innhaldet i boka. Den fyrste grisen syntest boka var svinbra. Den andre syntest vitsane var hylande morsomme. Den tredje grisen derimot, var heilt ueinig. - Boka er elendig, sa han. - Ikkje ein einaste grisevits!
Dermed kunne eg gi ut Den andre vitseboka mi med god samvittighet. Og her er den!

God fornøyelse!

Lagre dette produktet til senere

Sveinung Hølmebakk Minora Music (org. nr. 982915368 )     Adresse: Ravnedalsveien 13, 4616 Kristiansand     Telefon: 47332181     Epost: line@sveinung.no     

Personvern: www.sveinung.no/personvern     Salgsbetingelser: www.sveinung.no/salgsbetingelser